Boktras

Kva er Boktras? 

  • Eit tett samarbeid mellom folkebiblioteket og barnehagen.
  • Målet er å opprette bibliotekfilialar i barnehagen.
  • Foreldre kan låna med seg bøker heim frå barnehagen.

Korleis skal vi gjere dette? 

  • Biblioteket kjem med bøker, og desse vert bytta ut om lag 3-4 gongar pr. år.
  • Barnehagen skal ha om lag 100-150 bøker til disposisjon.
  • Barnehagen sine eigne bøker vil og vera til utlån.
  • Foreldra kan lett låna med seg bøker frå barnehagen ved å notera namn og tittel på boka på ei liste.
  • Barnehagen set opp bokhyller i garderobane.

 Kva er målet med Boktras?

  • Styrke barnehagen sitt arbeid med språkstimulering gjennom leseaktivitetar.
  • Skape eit meir bevisst forhold til lesing blant dei vaksne; foreldre og tilsette i barnehagen.
  • Etablera lesevanar hjå barn og foreldre i barnehagen og i heimen.

Foreldra

  • Alle foreldre blir vist kor bøkene står.
  • Dei tilsette kan gje tips til foreldra kva bøker dei kan låna med seg heim, kanskje vil ungane låna med seg ei bok dei har lese den dagen.
  • Skal bli inspirert og oppmoda til å lesa heima, no er bøkene lett tilgjengeleg. Kvifor lese høgt for barnet ditt?
  • Det er kjekt å bli lest for – skaper eit fellesskap mellom den som les og den som lyttar.

 Kvifor? 

  • Ein får lyst til å lesa meir- både barn og vaksne.
  • Blir klokare.
  • Ein får meir å snakke om det kan vera fint å snakke om bøkene etter ein har lest dei.
  • Språket blir betre.
  • Ein lærer å lytte, konsentrasjonen blir betre.
  • Fantasien får utfolda seg, ein lærer å lage bilete i hovudet sitt, førestille seg ting.
  • Leseglede gir gode lesevanar.
  • Det blir lettare å skrive – skriftspråket blir synleggjort.
  • Overgongen mellom skule og barnehage blir lettare. NB! Les bøker du likar sjølv.

 Kva skjer i barnehagen? 

  • Bøkene må vera tilgjengeleg for alle, må ikkje plasserast i høge bokhyller.
  • Flest mogleg bøker skal vera utstilt med fronten fram. Skal ” freista” borna.
  • Borna skal bli lest for, helst kvar dag, ikkje valfritt.
  • Bøkene kan ein ta med seg overalt, også ute.
  • Lesing skal vera ein viktig del av kvardagen.
  • Borna treng ”trening” i å bli lest for.

 Kva skjer i barnehagen når biblioteket kjem med bøkene?

  • Biblioteket ønskjer at barna skal glede seg til dei kjem med nye bøker, og at me gjerne byggjer opp litt spenning rundt det.
  • Bibliotekaren kjem og snakkar om bøker, kvifor det er kjekt å lesa.
  • Bibliotekaren les høgt frå nokre bøker.

 Aldersgrupper 

  • Lesing passer for alle aldersgrupper

Dei yngste, 1-3 år

  • Leser, ser på bildar, undrar oss. Peikar og gjentar.

 Språkstimulering på høgt nivå

  • Har fri tilgang til bøker og bruker dei heile dagen.
  • Knyter bøker opp til tema

 Dei eldste, 3-6 år

  • Leser mykje etter barnas initiativ.
  • Lesegrupper, der den vaksne vel bok.
  • Fordjuping i bøker som barna likar.
  • Har samtaler, tekstskaping, dramatisering og forming knytt opp motbøker.
  • Bøkene vert mykje brukt i leiken.

Alle fagområda i rammeplanen kan knytast opp mot bruk av bøker.

Personvern