Lykketroll

Lykketroll nr1-web Me er ein avdeling med 24 plasser pr dag for barn i alderen 0-6 år. På avdelinga jobber det to pedagoger og fire pedagogiske medarbeidarar. Me legg vekt på å ha eit heimekosleg miljø for barna og føler oss som ein stor familie.

Me ynskjer å legge vekt på trygge og opplevelsesrike dagar for barna, dei skal ha det godt hos oss, og få utvikle seg i gode omgivnadar ilag med gode vaksne. Humor, glede og omsorg er viktige stikkord for oss. Me har det veldig godt på Lykketroll og me lever verkeleg opp til navnet vårt!

Vekerytmen vår varierer frå periode til periode, men me legg vekt på å vere masse ute, og mesteparten av året tilbringer me mest heile dagen ute, enten i nærmiljø eller på uteplassen. Nesten alle aktivitetar ein tradisjonelt gjer inne, er like kjekke å gjere ute, og enkelte aktivitetar faktisk endo meir spennande ute!

Lykketroll-web 4Sidan me er ein avdeling med barn i alderen 0-6 år, deler me opp barna i mindre grupper i løpet av dagen, slik at barna skal få opplevingar og utfordringar i forhold til alder og utvikling, samt bli kjent med dei ulike Spirene i LeikEspira. Tre dagar i veka er ei gruppe med på tur i lag med Skogtroll, dette er eit tilbud som 3-6åringane rulerer på å vere med på frå gong til gong. Og torsdagar prøver me å samle heile avdelinga til tur i Trollskogen vår, dette er med på å styrkje felleskapet.

For dei minste barna vektlegg me tryggleik i trygge omgivnadar med gode vaksne. Me ynskjer at dei skal få gode opplevingar med sansar og bruke kroppen aktivt til å utforske miljø og materiell. Dei nyttar nærområdet til utforsking, i tillegg er dei største små med på turar litt lengre av gårde, som biblioteket.

Barna som skal begynne på skulen hausten 2012 har og tilbud om skulesamling kvar dag, her vert dei kjent med rim og regler, begrep, bokstavlydar, tall, mengd, ect. Fokuset her er skuleforbereding, barna er veldig begeistra for denne samlinga, og den syner seg særs nyttig i høve til overgongen barnehage til skule.

Dagsrytmen vår:

06.30 Barnehagen opner
07.30-09.00 Frokost etterkvart som barna kjem
07.30-09.30 Fri leik
09.30-11.30 Uteleik/LeikEspira grupper
11.30-12.00 Lunch
12.00-14.00 Uteleik/LeikEspiragrupper
14.00-14.30 Fruktstund
14.30-16.45 Fri leik
16.45 Barnehagen stenger

 

Personvern