Sjarmtroll

«Det har eg aldri gjort før, så det kan eg heilt sikkert» er eit velkjent utsagn frå Pippi Langstrømpe. På Sjarmtroll tenkjer me litt likt som Pippi, og synst det utsagnet hennar kunne like gjerne vært vårt eiget. Me er ein gjeng barn og vaksne som er glad i ei utfordring. Me er svært nyfiken på alt rundt oss, og me har eit pågangsmot som er sterkt. Me er ein gjeng som er svært glad i naturen og dette passer oss godt då barnehagen vår er ein friluftsbarnehage. I løpet av veka har me ein vekeplan som har som utgangspunkt å skape opplevelsesrike og varierte dagar for barna, der dei sjølv kan få være med å påverke dagen sin. Me brukar mykje tid på å gå turar i nærområdet vårt, og me er svært glade i haugen vår som er ein del av uteområdet vårt. Der introduserer dei engasjerte vaksne ulike friluftsaktivitetar og skapar gode leikestunder i lag med barna.

Me vil at barna skal ha ein god dag i barnehagen kvar dag. Difor er me vaksne på Sjarmtroll svært opptatt av å skape «Sol inne, sol ute» for barna hos oss. Dette er og eit av barnehagens mål og motto. I det legg me at barna skal møte trygge og gode vaksne til ei kvar tid som skapar glede, trivsel og ikkje minst tryggleik for barna. Sjarmtroll skal være ein kjekk plass for barna å komme til og trivsel, glede, humor og læring skal væra i fokus.

Sjarmtroll er ei storbarnsavdeling som har 24 plasser. Personalet vårt består av 2 pedagogar, 2 pedagogiske medarbeidarar og 1 lærling

Personvern