Småtroll

Velkommen til avdeling Småtroll.

Me er ei småbarnsavdeling for born i alderen 0-2 år.

Me ynskjer at Småtroll skal vera ein mjuk start for dei minste når dei byrjar i barnehagen. Dagane våre er tilpassa dei små ved at me bruker mykje tid på kvardagssituasjonene slik som måltid, av og – påkledning, stell og kvile. Me er oppteken av å vere tilgjengelige for borna ved at me er nede på golvet og tar oss tid til omsorg og tryggleik. Det er alltid eit fang eller ein armkrok tilgjengelig. Me brukar også mykje song og musikk då dette er ein god måte å kommunisere med dei yngste på.

2-åringane våre er kommen litt lengre i utviklinga og har behov for større utfordringar. Dette støtter me opp ved å gi dei nye utfordringer som dei kan få strekke seg etter.

Me på småtroll er også veldig glad i å gå på tur, og prøver oss på minimum to turar i veka. Då er me opptekne av å ta turen i bornas tempo. Me bruker tid på å undre oss og stoppe opp og sjå på det me møter på i naturen. Me utforsker nye plassar og områder i nærmiljøet, men passar også på å gå til kjente, gamle plassar som borna finn ein tryggleik i. Ein gong i veka har me haugen-dag. Då pakkar me sekken og ruslar oss opp på den kjekke haugen vår og kosar oss her på formiddagen. Her er det mange motoriske utfordringer, og borna får brukt kroppen sin på ein anna måte.

Espira Hollund er ein barnehage med fokus på natur og friluftsliv. Me er ute i lengre eller kortare periodar kvar dag, då får me større rom for bevegelse og leik. Me ynskjer at alle borna skal få positive opplevelsar ved å vere ute og gi dei grunnlaget for å bli glad i naturen!

Store og små på avdelinga er flinke til å ta vare på kvarandre og visa omsorg for kvarandre. Me er ei gruppe med godt samhold og me er stolte over barnehagen vår!

 

Personvern